Kyrkja i Kviteseid
Meny

AKTIVITETER

26.06 13:00

KALENDER

lørdag 19 juni
12:00 Dåp
Brunkeberg kyrkje
søndag 20 juni
Kviteseid gamle kyrkje
søndag 4 juli
Kviteseid kyrkje
søndag 11 juli
Brunkeberg kyrkje
søndag 18 juli
Vrådal kyrkje
søndag 1 august
11:00 Dåp
Kviteseid kyrkje

Linkar

https://kviteseid.sokn.no/img/02_06_2017_Bilder/Facebook_logo.jpg



https://kviteseid.sokn.no/img/02_06_2017_Bilder/Sondagsskolen_lang.png


https://Kviteseid.sokn.no/img/02_06_2017_Bilder/logo_lang_versjon_farger.png





Prostidiakonen

https://kviteseid.sokn.no/img/02_06_2017_Bilder/Kirkens_SOS_lang_logo.jpg


https://kviteseid.sokn.no/img/02_06_2017_Bilder/logo_kviteseid.png



https://kviteseid.sokn.no/img/02_06_2017_Bilder/LogoOvreTelemark.jpg


https://Kviteseid.sokn.no/img/02_06_2017_Bilder/Bispedommet.png

https://Kviteseid.sokn.no/img/02_06_2017_Bilder/Godhet_Kviteseid.jpg






Misjonshuset (Normisjon) 

Fredheim pinsemenighet

Betel Misjonskirken

Gravferdsinfo

Gravferd i Kviteseid (kommune)

https://kviteseid.sokn.no/img/02_06_2017_Bilder/rose.jpg










Kven tek seg av gravferda?
Dersom det ikkje føreligg ein skriftleg erklæring fra avdøde om kven som skal sørge for gravferda, har avdødes nærmeste etterlatte over 18 år rett til dette i følgende rekkefølge: ektefelle, barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, syskjen, syskjens barn og foreldres syskjen.

Kven gjer kva? 
Etter eit dødsfall er det vanlig at dei pårørande straks henvender seg til eit begravelsesbyrå som er behjelpeleg med dei fleste praktiske spørsmål. Det er imidlertid ingen ting i vegen for at ein tek hand om ein eller fleire av oppgåvene sjølv. Nokon ynskjer å gjere mest mogleg sjølv i forebuingar til gravferda. Andre vil overlate mest mogleg av den praktiske tilrettelegginga til eit begravelsesbyrå. (finn begravelsesbyrå lenger nede på denne sida) 

I dag veit vi at det kan bety mykje for sorgarbeidet om dei sørgande sjølv deltek aktivt også i dei praktiske førebuingane. Enkelte pårørande har hatt utbytte av å være meir med i prosessen, særlig når ein har opplevd dødsfall i nær familie. Det er viktig å tenke over kva ein vil at andre skal ordne, og kva ein ønsker å gjæra sjølv.

Kyrkje og prest
Begravelsesbyrået er etter å ha fått melding om dødsfall, snare med å kontakte kyrkjekontoret ved kyrkjeverja anten det skal vera begravelsesseremoni i kyrkja eller ikke. Pårørande kan og sjølv ta kontakt direkte med kyrkjekontoret. 
Kyrkjeverja bestemmer gravferdsdag, men prøver så langt som råd å etterkome dei sørgjande sitt ynskje.
Prest tek fort kontakt med den som sørger for gravferda, for å avtale tid for sørjesamtale.
Kyrkjekontoret kontaktar òg den som sørger for gravferda for å snakke om kvar den avdøde skal gravleggjast og kven som skal vere fester (ansvarleg) for grava seinare. 

Er kremasjon eit alternativ?
Norsk forening for kirkegårdskultur har i samarbeid med Norsk krematoriestiftelse laga ein video som skal gie enkel informasjon om kva kremasjon er. Kremasjon i Norge Kviteseid 'sokner til' krematoriet i Skien. Begravelsesbyrået gjer dei naudsynte avtaler. Ein kan ved kremasjon velge om ein ynskjer bisettelse eller ikkje. Med bisettelse tenkjer vi oftast på ein kyrkjeleg seremoni som ein gravferd. Seremonien avsluttast ved at kista blir boren ut i bilen, for så å bli transportert til krematoriet.
Urna med den avdødes aske kan så innan 6 måneder til dømes setjast ned på ein kyrkjegard i Kviteseid, med eigen grav, eller i ein familiegrav.

Koster gravferd noko?
Alle tenester frå gravferdsbyrå kostar og vert fakturert der i frå.

Frå kyrkjekontoret vert i  nokre tilfeller utlegg vedrørande gravferd fakturert. Det gjeld mellom anna ved bruk av kyrkjerommet til gravferdsseremoni for dei som ikkje er medlemmar av Den norske kyrka, og om avdøde var busatt ein annan plass enn i Kviteseid kommune dei siste åra av sitt liv. Dersom avdøde ikkje var busatt i Kviteseid kommune vert det fakturert for festeavgift frå fyrste år. Det vert då ikkje frigrav dei fyrste 20 år.
Sjå fullstendig betalingsreglement vedteke av Kviteseid sokneråd. Det som angår gravferd er også oppgitt i Publikumsinnformasjon om gravferd og gravstell i Kviteseid

I visse høve er også presten pålagt å krevje inn betaling for tenestene ved ei gravferd, om vår prest vert nytta. Det er 1.–viss den avdøde ikkje var medlem av Den norske kyrkja, eller 2.–viss den avdøde og denne sine nærmaste pårørande /den som sørger for gravferda ikkje var/er busatt i pristiet.
(Øvre Telemark prosti omfattar desse kommunane:Bø, Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Nome, Notodden, Sauherad, Seljord, Tinn, Tokke og Vinje.) 
Prisen for ein gravferd er for tida kr 3.700,– Informasjonsskjema finn du her.


Kyrkjegardsvedtektene for Kviteseid
Vedteke av Kviteseid sokneråd febr. 2018 og av Agder og Telemark Bispedømmeråd 15.05.2018

Feste av grav og festeavgift
Festeavgift er avgift for leige av jorda for kvar grav. Avgifta er av Kviteseid komune vedtaken å vera kr 200,– pr år. Festeavgiften fakturerast frå kyrkjekontoret forskuddsvis for 5 år. Kvar haust fakturerast difor avgifta til dei gravene som forfell til betaling det året.

Dei fyrste 20 åra er kvar grav verna og i dei fleste tilfeller kostnadsfri.
Hvis ei allereide festa grav vert bruka på ny, fortsetter feste å løpa. Grava vert ikkje fri.
Det samme gjeld om grava har vore reservert eil til dømes ektefelle: Då er festeavgift begynt å løpe, og fortsett med det. I praksis vert då fyrste grav i jord som ikkje er festa gratis i 20 år, mens den eventuelle reserverte grava ved siden av aldri vert fri grav.

Kven som vert festar av ei grav, avgjerast i samband med at grava vert teken i bruk. Festaren er ofte den som sørgjer for gravferda, men kan og vera andre i familien.
Festaren har mynde til å sletta grava etter at fredningstida er utgått (20 år). Ofte festast grava lenger enn det, gjerne 30–30 år. Dersom ein festar sjølv går bort finn kyrkjeverja saman med familien ein ny festar. Dersom ingen tek på seg ansvaret, vert grava oftast sletta.

Publikumsinnformasjon om gravferd og gravstell i Kviteseid

 


Anna informasjon

Gravferdsbyrå i nærleiken:
     Seljord Gravferdsbyrå (kontor i Kviteseid)
     Tokke Begravelsesbyrå (Høydalsmo)

Blomar og kransar kan mellom anna leverast frå Blomsterbua i Kviteseid.

Kviteseid kommune sine sider om gravferd, gravplass og oskespreiing

Gravferdsloven og forskrifter til denne.

Den norske kyrkja si informasjon om gravferd 

Søk i gravregister frå Slekt og Data i heile Noreg. 
Frå Kviteseid finn du fine bilder av dei fleste gravminner (gravsteinar).





Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: